Ein gjeng på Brenna reiser praktbygg i nabokommunen
Av: Bente Dysthe | Publisert: 28. september 2026 | Siste nyheter | Arkiv
Bø Blad hadde 28/9 god omtale av TBE og byggingen av vårt nye klubbhus.
Ein gjeng på Brenna reiser praktbygg i nabokommunen
Norsjø golfklubb byggjer nytt og stort klubbhus på Romes. For å gjere jobben har dei henta ein driftig arbeidsgjeng frå Brenna.
Øystein AkselbergPublisert
Norsjø golfklubb har under oppføring nytt stort klubbhus på Romnes.
Nybygget er plassert der den gamle låven stod, medan den eine fløya av låven er bevart og blir no pussa opp og bygd saman med det nye klubbhuset.

Det nye klubbhuset ruvar på det gamle gardstunet, men fell godt inn i området med sin låvestil. Øystein Akselberg
Utvidar det gamle tunet
Det nye klubbhuset har ei grunnflate på 12 gonger 40 meter og blir ført opp i to høgder med ein hems på toppen. Det ruvar i terrenget, men fell inn fint i tunet som består av eit gamalt våningshus og den gamle låven. Nybygget er på 710 kvadratmeter medan den gamle låvedelen er på 262 kvadratmeter.
Klubbhuset skal innehalde kafé med sitjeplassar i to etasjar pluss uteareal, klubblokale, kontor, garderobar, sanitæranlegg for bubilgjester, aktivitetsloft med blant anna fire golfsimulatorar, proshop og lagerrom.
Total investering kjem på like under 31 millionar kroner. Finansiering skjer ved 5,45 millionar kroner i spelemidlar, 5,68 millionar i momsrefusjon, 15 millionar frå Sparebankstiftelsen Nome, fire millionar frå Sparebankstiftelsen DNB, cirka ein million i eigenkapital og dugnad og elleve millionar kroner i eit midlertidig lån.
– Det blir eit enøk-bygg med energibrønnar, vassboren varme og solceller på taket, seier styreleiar i Norsjø golfklubb, Svein Arntsen.
GOD UTSIKT: Frå det nye klubbhuset har ei god utsikt over golfparken. Øystein Akselberg
Ligg før tidsskjema
– Me har det ein kallar delt entreprise og har jobben med å byggje. Me gjer dermed alt bortsett frå grunnarbeid, rør, ventilasjon og elektro, seier byggjeleiar i Telemark Byggentreprenør, Dan Norheim.
BASANE PÅ KLUBBHUSET: Arbeidsbas Alf Johannes Strand (t.v.) og prosjektleiar Dan Norheim med det nye klubbhuset dei har under oppføring i bakgrunnen. Øystein Akselberg
Byggjearbeid og riving er kalkulert til 20,3 millionar kroner pluss moms.
– Det nye klubbhuset er teikna i låvestil og føyer seg godt inn på tunet, seier prosjektleiar Dan Norheim og arbeidsformann Alf Johannes Strand, og legg til at bygget er i massivtre og limtre.
Byggjearbeida starta først etter sommarferien og TBE har hatt seks-sju mann på jobben i snitt.
ARBEIDSFLOKKEN: 14 tilsette i Telemark byggentreprenør bytta ut hammar med golfkølle på Norsjø golfbane. Bak f.v. Sander Storhaug, Sander Nygård, Stian Hegna, Kjetil Sandvik Hegna, Paul Kjeldal, Stian Sveinsson, Kristian Eika og Simen Slaaen. Framme f.v. Sigmund Verpe, Tor Magne Nevestveit, Jonas Kleiv Hansen, Alf Johannes Strand, Dan Norheim og Mathias Håkonsløkken. Øystein Akselberg
Det som står igjen av den gamle låven blir rehabilitert med ny kledning og nytt tak, og blir bygd saman med det nye klubbhuset som ein eigen fløy.
– Me ligg før skjema og nybygget skal stå klar i februar, seier Norheim, og legg til at dei i den siste tida har vore ekstra mange på oppdraget i påvente av ein annan jobb skal starte.
Arkitekt er Sør Arkitekter AS.
– Me er svært imponert over innsatsen til TBE-gjengen og andre handverkarar. Det har gått utruleg fort frå sålen vart støypt i juni og etter at dei starta byggjearbeidet etter sommarferien. Me gler oss til fortsettinga, seier styreleiar i golfklubben, Svein Arntsen.
STOR BYGGJEPLASS: Det blir jobba på eit stort tal kvadratmeter på både den gamle låven og nybygget.
Fakta Norsjø golfklubb
Lokalisering: Romnes mellom Gvarv og Ulefoss, Nome kommune
Stifta 5. august 1992
Første seksholsbane stod ferdig 5. juni 1993
1. januar 2018 overdrog Cappelen Holding AS eigedomen til Norsjø golfklubb. Klubben blei dermed økonomisk ansvarleg for drift av bane og klubbhus, samt all sportsleg aktivitet.
I 2022 blei eigedomen kjøpt for 7,1 millionar kroner. Sparebankstiftelsen Holla og Lunde bidrog med 5,5 millionar i støtte.
Per september i år har klubben eit medlemstal som nærmar seg 1300. Talet på spelarar under 18 år har passert 150.